Bokserien Brenninger kom ut for nesten eit år sidan. Forfattaren, som bur i Vanylven på Sunnmøre, har skrive under pseudonymet «Karen Støylen», men no er tida komen for å avsløre kva forfattaren eigentleg heiter.
Tekst: Tanja Anett Thunem
«Brenning – sterkt bårebrot mot ei strand eller over eit skjer», står det i ordboka.
– Det kan også vere ein metafor på at det er noko som skjuler seg under overflata, som og kan passe til serien, seier forfattaren.
Og noko som «Karen Støylen» har valt å halde skjult, er sitt eige namn. I nesten eit år har forfattaren gitt ut bok etter bok i den populære serien utan å avsløre kven som eigentleg sit inne med alle desse historiene. Heilt til no. Det vert beskrive at Karen «driv småbruk i ein liten dal på Sunnmøre». Og det er dit vi skal no. Her finn vi høge fjell, småbruk, høns, geiter, sauer, og også forfattaren. Denne dalen er Syltedalen i Vanylven på Sunnmøre.
Bøkene er det viktige
Den første som møter oss på tunet, er hunden Føn, som uten at han er klar over det, har vorte ansiktet ut på Karen Støylen sine sosiale media. I andre enden av bandet er forfattaren, som no er klar for å snakke med oss om den store hemmelegheita han har hatt dette siste året, og avsløre at det eigentlege namnet hans er Martin Baldysz.
Vi set oss i solveggen i lag med karen på Støylen, som delvis var inspirasjonen til pseudonymet.
– Garden vi bur på heiter Støylen. Og så viser det seg at det var ein kar som heitte Martinus her, som gifta seg med ei som heitte Karen. Ho vart kalla Martinus-Karen, så eg tenkte det ikkje var så dumt. Men så kan ein også vri litt på det, og tenke at det er karen på Støylen. Så eg enda opp med eit kvinneleg namn då det er flest kvinnelege forfattarar i denne sjangeren, fortel han.
Planen frå starten var å halde seg til pseudonymet, då han har gitt ut ein roman tidlegare, og tenkte det var greitt å ha det separat.
– Det er jo bøkene som er det viktige, eigentleg, seier Baldysz.
Mange spekulasjonar
Mange har nok tenkt seg fram til rett dal, og til og med rett hus. Men, sambuaren Hilde Myklebust, som også er forfattar, gjekk til slutt ut og avkrefta ryktet.
– Vi tenkte det var greitt å seie det som det var, så slapp folk å spekulerere. Fekk høyre at folk tenkte at «No har ho Hilde starta å skrive på bokmål, no står ikkje verda», ler Baldysz.
– Trur du folk vert overraska over at det er ein mannleg forfattar bak bøkene?
– Det er ikkje godt å seie, ei stund tenkte eg at det kunne bli dårleg motteke at det er mannleg forfattar. Men, nei, det trur ikkje eg lenger.
Grunnen til at avsløringa kjem no, er at han vart invitert til å snakke om bøkene på litteraturfestivalen Åram Pluss. For hans eigen del er et ikkje så viktig, men innrømmer at det vert ei letting å komme fram med rett namn. Det er også fint å få oppklare misforståingar og få slutt på spekulasjonane.
– No har det også gått eit år, så ser eg at det går bra med serien også. Det hadde vore litt annleis om det gjekk skikkeleg dårleg, seier han og ler.
– Då hadde eg kanskje berre fortsett med pseudonym.
Frå romanforfattar til serieforfattar
Serien får gode tilbakemeldingar og gode terningkast. Den niande boka fekk han i posten førre veke, og kom i butikkane fredag. Ni utgivingar på ti månader er imponerande. Og det er langt frå det einaste han har på CV’en. Skrivinga starta med eit kortfilmmanus i 2010, så over på noveller og romanar, og i 2013 fekk han gitt ut romanen Vintertrang. No er det serieforfatter som gjeld.
– Folk seier dette er så lett-leste bøker, som at det ikkje skal vere greitt å skrive dei. Mange tenker nok at det er derfor eg har pseudonym. Men for min del er det veldig tydeleg skilje på lett underhaldning og litt tyngre litteratur. Slik er det også med film, musikk og alt. Ein har ulike behov til ulike tider. Nokre gongar vil ein berre slenge seg ned på i sofaen og lese noko som ein ikkje trenger å tenke så mykje over. I denne sjangeren står det ikkje så mykje mellom linjene, det er berre historia, rett fram, fortel han.
Historisk korrekt
Og historie er eit viktig stikkord. For mykje av arbeidet til Baldysz går i å sikre at det han skriv er historisk korrekt, noko som er viktig for lesarane. Her går det med mykje tid til «research». Historia til Brenninger startar i 1885. Her møter vi hovudpersonen Eir som mista foreldra tidleg i livet. Men så får ho vite at faren kanskje er gravlagd ein stad, eller til og med i live, og leitinga vert ein raud tråd gjennom bøkene.
Gjennom å undersøke korleis kvardagen var i desse tidene, finn han små anekdotar som får plass i teksten. Som til dømes då han las om barking av segl og såg føre seg at det var ei fin scene å ha med. Det er også godt å ha med seg erfaringar frå livet på småbruket som dei driv her i dalen. Vi får vere med rundt på området, og helse på både høner og sauer, og skjønar at ein lett kan verte inspirert til å skrive når ein bur på ein så fin stad.
– Tanken er at historia går føre seg her i området. Det er lagt mest til kysten, men den eine garden, Torregarden, er tenkt at er her vi bur, berre litt større. Eg sat her og tenkte korleis den kunne sjå ut, og hentar inspirasjon. Det er berre småting, men til dømes når det er tørt og ikkje har regna på ei stund forsvinn plutseleg lyden av fossen her. Det er ein veldig merkbar ting her oppe. Dette er småting som er fint å få med for å få det meir autentisk, fortel han.
Hentar inspirasjon frå småbruket
Omslaga til bøkene ber også preg av Vanylven. Forfattaren har god kontakt med illustratør, og fortel kva han vil ha.
– Spesielt bok nummer åtte er henta herifrå. Då er det gravferd, og eg ville gjerne ha med ei av kyrkjene herifrå. Då er jo St. Jetmund kyrkja på Åheim veldig lett å kjenne att og dessutan ei flott kirkje med mykje historie, så eg tok nokre bilder av kyrkja og fjella rundt, og sende over.
Sjølv likar han å drive gard som folket gjorde på 1800-talet på nokre område. Dei sett opp nokre hesar på marka, og set line når han er på sjøen.
– Det er fint å leve litt slik dei gjorde. Det er godt å kunne ha fysisk arbeid som ventar når eg kjem ned frå loftet. Ofte når eg går tur eller driv med andre ting som ikkje krev så mykje tankekraft kjem eg på ting som kan vere med i bøkene.
Forfattaren fortel at det er ein veldig kjekk jobb, men at ein må ha litt disiplin, for han må styre tida sjølv. Han siterar Stephen King som skal ha sagt noko liknande om at «dersom ein skal leve av dette yrket, må ein skrive på dårlege dagar også».
Vil fortsette å skrive
Planen framover er å gi ut fire- fem bøker i åra framover, til ein endar på mellom 20-25 bøker i denne serien. Talet kom undervegs, litt som historia, som han ikkje har full oversikt over kvar den går enno, unntatt av slutten.
– Kjem det andre seriar i framtida?
– Ja, eg håpar på det. Eg sit med idear til to ulike no. Og så held eg på med eit anna prosjekt, ein roman, som mest sannsynleg kjem ut neste år. Den er på nynorsk, så det vert enno meir ulikt det eg gjer no.
Med tanke på at han har avslørt til oss at det er litt vanskelegare å få tid til å skrive no om sommaren, håper vi likevel at han fangar noko av den idyllen som finst her i dalen denne dagen, når juli viser seg frå si beste side. Vi og lesarane får snart moglegheit å lese meir om Eir, og gler oss til å sjå kva meir som ventar oss frå denne forfattaren i Syltedalen.
Har du fortsatt til gode å lese Brenninger? Bestill første bok helt gratis her!
Vil du ha Brenninger rett hjem? Da kan du abonnere!