
Eg måtte vite korleis det gjekk med denne urokråka mi.
Lukritzia Loven
Vill, vakker og rørende! Nesten tre år etter at hun debuterte som forfatter med romanserien Søstre, er Lukritzia Loven igjen aktuell med en fengslende serie fra vakre Sognefjorden.
I Eirill seidkvinne blir du tatt med til Norge etter at svartedauden har herjet. De som overlevde sotten, strever under harde kår. Eirill jobber som seidkvinne på gårdene, men må trå varsomt. I en tid hvor overtroen er like sterk som troen på Gud, er hun lett å skylde på når uhell og sykdom rammer …
Lukritzia har et ekstra varmt hjerte for hovedpersonen Eirill, og i denne teksten forteller hun hvordan serien ble til og hva den handler om. 💞

Tekst: Lukritzia Loven
Eg meinar å hugse det var ein sumardag for nokre år sidan, då eg ganske nyleg hadde sagt opp jobben min som bensinstasjonsarbeidar på Askøy for å flytte inn med mannen i mitt liv.
Avstanden blei for stor til at eg kunne pendle mellom der han hadde hus og stasjonen der eg dei siste åra hadde stått bak disken, så dermed starta jakta etter nytt arbeid.
NorskeSerier hadde utlyst ein konkurranse for nye serieforfattarar, og eg tenkte at det var verd eit forsøk. Eg sende inn dei fyrste kapitla av Søstre, som den gong heitte Seidkvinne, og resten er historie.
Det var ei lita trulte i bøkene mine som eg blei utruleg glad i. Eirill heitte ho. Full i undring og spørsmål det ikkje var lov å stille i ei middelalderverd, kom ho tassande berrføtt inn i livet mitt.
Og då siste kapittel i Søstre-serien blei skrive, klarte eg ikkje å leggje ho frå meg. Eg måtte vite korleis det gjekk med denne urokråka mi.
Med det var Eirill seidkvinne fødd.
GRATIS BOK TIL DEG!
Hjerta hennar tilhøyrer ein annan …
For dei som las Søstre vil både stadene og personane i stor grad vere gamle kjende. Men eg har gjort mitt beste for at til og med dei som ikkje har vore gjennom den førre serien min skal kunne lese bøkene utan å ha vore gjennom den førre historia.
Det har gått fem år sidan me tok farvel med Eirill, og no er ho ei ungmøy på 16 år som bur i ei stove ute i skogen saman med dyra sine; ulvehunden Bjarga, gardabikkja Vyrd, ravna Embla og katten Feig, samt ein liten flokk høns og geiter.
Ho er seidkvinna som bygda kallar på når born skal kome til verda eller sjukdom råkar dei som bur der, og ho er kyndig i virket sitt sin unge alder til tross.
Syster hennar, Live, skal snart føde for femte gong og ho er oppgitt over at ikkje Eirill kan sjå til å finne seg ein mann og stifte familie ho med.
Men Eirill likar å vere fri. Ho har eit forhold til ein kar, men det skal ingen vite om, for det er synd å liggje med nokon utanfor ekteskapet. Kjærasten hennar vil derimot gifte seg med ho, og står på sitt uansett kor mange gongar ho seier nei.
Hjarta hennar tilhøyrer nemleg ein annan mann, noko ikkje ein gong Eirill sjølv har innsett …

Ein historie om kven ein er
Eirill har tette band til systerdottera si, Sága, som blei funne i skogen som spedbarn. Ingen veit kven som er mor hennar, men Sága er heilt sikker på at det må vere huldra.
Sjølv kjende aldri Eirill til slekta si utover dei ho voks opp med og som blei drepne då ho var lita, så då dei oppdagar at Sága si mor kanskje framleis er i livet, og at Eirill har ein større familie enn ho var klar over, legg dei ut på ei ferd saman for å finne ut kvar dei begge kjem frå.
Ideen med å skrive ei historie om jakta på kven ein er og kvar ein kjem frå har lagt på harddisken min ei stund.
Mi eiga slektshistorie er ikkje så spennande, for på far min si side er det vel knapt anna enn sogningar å spore. Eg er overbevist om at om ein går langt nok tilbake i tid, så kraup forfedrene mine på land langs Sognefjorden så snart isbreane trekte seg tilbake og tenkte: -Her var det fint! La oss bli her for alltid!
Derfor har eg alltid drøymd om å oppdage ei grein i slekta mi som har ei spennande historie, men sidan eg endå ikkje har vore så heldig å finne den, dikta eg opp mi eiga.
SERIEN HAR ALLEREDE FÅTT FANTASTISKE ANMELDELSER 🌟
«Spennende, mystisk og intens. En herlig sidevender, og en soleklar sekser på terningen.»
Kjersti Weum Bekkestad, serieelsker
«Forfatteren har en unik måte å beskrive karakterer og omgivelser på, alt føltes levende og ekte. Vakkert skrevet og en flott leseopplevelse! Terningkast 6!»
@lesestunder
«Wow! Lukritzia beskriver tidsperioden så levende at jeg ser for meg gårdene og menneskene som bor der. En fornøyelse!»
Anita Havn Mjelstad, bokelsker
«Du blir sugd inn i mystikken og glemmer både tid og sted.»
Inger Monica Stornes, serieleser
På eigne vegar
Inspirasjon er likevel ofte henta frå mitt eige liv. Som barn tenkte eg og Eirill veldig likt, og det har ikkje endra seg no som ho er blitt stor.
Eg var heller ikkje vidare romantisk eller oppteken av å vere som alle andre, men gjekk mine eigne vegar.
Ikkje hadde eg noko ynskje om born eller å gifte meg heller, sjølv om eg no er lukkeleg gift og mor til fem fantastiske pelsklingar. Sistnemnde har eg vel og merke til felles med Eirill, for ho har etterkvart skaffa seg ein liten dyrehage ho med. Og flokken min gir meg mykje inspirasjon; eg har ein kinesisk nakenhund som er tidenes diva, og ein enorm schäfer som har eit hjarte av gull og som lever i trua om han er i lommeformat. Og så er det dei tre pusejentene mine som stadig finn på nye sprell.
Vegen mellom dei indre delane av Sognefjorden og Bjørgvin er lang, og endå lengjer når snøstormane rasar kringom øyro på følgjet som no skal leggje ut på eventyr. Eg vonar du har lyst å bli med oss, for er det ein ting eg veit så er det at det aldri blir keisamt når det er Eirill som leiar an på turen!
Lukritzia


Bli abonnent og få kortpakke!
Som abonnent Eirill seidkvinne får du bøkene før de er i salg, portofritt, til samme pris som i butikk!
I velkomstgave får du en pakke eksklusive NorskeSerier-kort med tilhørende konvolutter. De ti kortene har vakre illustrasjoner fra forskjellige bøker. Kan brukes til alle anledninger: bursdag, jul, fest, kondolanser mm.