Gamle kjente og nye venner

I Lukritzias nye serie, Eirill seidkvinne, dukker det opp både nye og gamle fjes. Noen har du kanskje allerede møtt i Søstre, mens andre trer frem for første gang. Sammen utgjør de en fortelling om kjærlighet og overlevelse i en tid preget av magi, tro og tradisjon. Her forteller Lukritzia om fire av dine nye venner fra Sogn!

Eirill og Sága

Tekst: Lukritzia Loven

For dei som las den førre serien min, Søstre, kjenner dei nok igjen nokre av personane som dukkar opp i Eirill seidkvinne. Men det har skjedd litt sidan sist me var innom Stuphedla, og Eirill er blitt ei ung kvinne med dei plikter og forventningar som følgjer med.

Eirill Seidkvinne

Då Eirill var 6 år gamal, kom det røvarar til den vesle husmannsplassen der ho budde saman med familien sin. Dei tok livet av alle ho hadde kjær, bortsett frå storesystera Live og broren Sjovat. Mor deira klarte å få dei to jentene over i ein båt og skyve dei på fjorden, før ho fall om død i fjøresteinane.

Det var for ti år sidan. No er Eirill 16 år gamal, og ho er blitt den kloke seidkvinna som folk kallar på når barn skal kome til verda eller nokon sjuke treng dei kyndige hendene hennar.

Ho bur i ei lita stove i skogen saman med dyra sine, og trives godt aleine. Ekteskap og born er ikkje noko ho drøymer om. Ho går på jakt og er ein dyktig bogeskytar, og når våren kjem sparkar ho av seg skoa for å føle skogbotnen under føtene og mosen mellom tærne. Aller helst går ho med brok og skjærer håret kort.

Men for ei ung kvinne som har rykte på seg for å ha evna til å snakke med både dyr og underjordiske, blir ho fort syndebukken når sjukdom råkar eller born døyr i morsliv.

Illustratør Eline Myklebust Madsen bruker levende modeller til illustrasjonene sine. Her er jenta som har blitt til Eirill! Ser du likheten? Foto: Eline Myklebust Madsen

Sága Fýrivinr

Sága blei funne i skogen av Eirill si syster Live då ho var spedbarn, og ingen veit kven som er mor hennar. Sága på si side er ganske sikker på at det må vere huldra.
Akkurat som Eirill har ho aldri følt seg heilt heime på Stuphedla. Dei andre borna ertar ho fordi ho er hittebarn, og derfor tek ho ofte turen opp i skogen til mosta si for å søkje trøyst.

Namnet hennar blei skjenka ho av den gamle seidkona på Stuphedla: Fýrivinr tyder «ven av skogen», og det er eit namn den vetle villstyringen lever opp til.

Eirill ser mykje av seg sjølv som barn i systerdottera, og dei to har eit sterkt og godt band seg i mellom.

Jenta som er blitt til Sága Fýrivinr på de vakre omslagene til illustratør Eline Myklebust Madsen. Er hun ikke søt? Foto: Eline Myklebust Madsen

Narve Halvdansson

Narve voks opp som ein fattig gategut i Bjørgvin, men følgde Eirill tilbake til Stuphedla då ho flykta frå klosterlivet og svartedauden. Han er homofil, eller «ergi» og «rassragr» som det blei kalla på den tida. Men kyrkja ville ikkje vedkjenne at denslags menn eksisterte i middelalderen, fordi ingen kunne vel vere i stand til å bryte med Herrens bod så til dei grader at dei sodomerte kvarandre på det viset?

Gudbrand «Skagabrand» Gudbrandsson

Ein dag kjem det ein einaugd vandringsmann, brei som ei låvedør og sterk som ein okse, inn i liva til Eirill og Sága. Han har kraftig raudt skjegg og andletet fullt av arr, og ryktet seier at han blei driven frå heimbygda fordi han blei klaga for tjuveri.
Skagabrand kallar han seg, og han ser både skummel og lurvete ut. Men Sága finst ikkje redd han. Ho har trua på at det er noko godt på botn i han, sjølv om det må vere langt ned dit så høg som han er!

Eirill har i tillegg eit trufast følgje av dyr med seg der ho går. Hundane Bjarga og Vyrd er alltid ved sidan av ho, og på skuldra sit den kloke ravna Embla, som knapt klarar å halde nebbet lukka. Bjarga er ein ulvehund, og Vyrd er det ein gjerne kan kalle ein eventyrblanding. Medan Bjarga er barsk og modig, tykkjer Vyrd det er betre å stå litt i bakgrunnen. Det er gjerne litt tryggare det.

Eirill med Bjarga og Embla.

Ferda gjennom vestlandet byr på mange nye kjennskap, for sjølv om det budde særs mange færre folk i Noreg etter at svartedauden hadde feia over landet, var det framleis teikn til liv! Så kven veit kva slags spennande karakterar som framleis klynga seg fast i dei vêrharde fjellsidene langsmed Sognefjorden?

Kos deg med serien!

🌟 LESERNE ELSKER EIRILL! 🌟

«Spennende, mystisk og intens. En herlig sidevender, og en soleklar sekser på terningen.»
Kjersti Weum Bekkestad, serieelsker

«Forfatteren har en unik måte å beskrive karakterer og omgivelser på, alt føltes levende og ekte. Vakkert skrevet og en flott leseopplevelse! Terningkast 6!» 
@lesestunder 

«Wow! Lukritzia beskriver tidsperioden så levende at jeg ser for meg gårdene og menneskene som bor der. En fornøyelse!»
Anita Havn Mjelstad, bokelsker

«Du blir sugd inn i mystikken og glemmer både tid og sted.»
Inger Monica Stornes, serieleser

Bli abonnent og få kortpakke!

Som abonnent Eirill seidkvinne får du bøkene før de er i salg, portofritt, til samme pris som i butikk!

I velkomstgave får du en pakke eksklusive NorskeSerier-kort med tilhørende konvolutter. De ti kortene har vakre illustrasjoner fra forskjellige bøker. Kan brukes til alle anledninger: bursdag, jul, fest, kondolanser mm.