
I Eirill seidkvinne møter heltinna vår fleire spennande personar som framleis svergar til den gamle norrøne trua, gjerne krydra med ein dæsj kristendom.
Tekst: Lukritzia Loven
Det er ikkje utenkjeleg at dette faktisk var ein realitet lengje etter at vikingane vende om og let seg kristne, sjølv om dei høge herrane som sto på talarstolen i kyrkjene ikkje var vidare begeistra for praksisen.
Men så er den norrøne trua altfor spennande til å ikkje inkludere i historia mi når moglegheita byr seg.
«No e’ han Tor me’ hammaren ute», bruka oldemor mi å sei når det tordna.
Uvêret blei ikkje like skummelt når det berre var ein kar som køyrde over himmelen i vogna si – med to geiter i spissen. Og som lita tykte eg dei norrøne gudane var uhyre mykje meir spennande enn det me kunne lese om i den noko tafatte Bibelen.

No skal det seiast at det er mykje action, monster og blodig alvor i kristendommen si bok òg, men det nådde på ein måte ikkje opp i forhold til det Odin og gjengen sysla med i Åsgard i mine auge.
Norrøn mytologi var det dei trudde på her i landet i førkristen tid. Det har blitt funne smykker med inskripsjonar knytt til Odin som går tilbake til 400 e.Kr., og verda dei levde i var full av tussar og troll, dragar og sjøormar.
Med andre ord skulle det godt gjerast å halde meg frå å sluke alt av litteratur eg kunne kome over om desse underlege gudane heilt frå eg lærte meg å lese.
Då eg var lita var det i hovudsak tre karakterar frå desse sogene som sto særs høgt i kurs: Tor med hammaren, Frøya og Midgardsormen.

LES FØRSTE BOK I SERIEN GRATIS!
Tor
Tor var tøffare enn toget der dei to bukkane Tanngnjost og Tanngrisne trekte vogna hans over himmelen. Han slo med hammaren Mjølner så det torna, og gneistene frå hjula i kjerra skapte lyn.
Vel og merke var han gjerne ikkje den skarpaste kniven i skuffa, men det var kanskje det som var det aller mest morosame med denne karen. Han blei kledd ut som kvinne og send i bryllaupsferd til Jotunheimen då jotnen Trym stal Mjølner, og han reiste på fisketur med eit oksehovud på kroken. Den gong var han ved å dra sjølvaste Midgardsormen opp i båten til den stakkars jotnen Hyme, som måtte bøte med livet fordi Tor blei sur over at han skar over tauet og slapp beistet fri.

Midgardsormen
Og Midgardsormen var så stor at den kunne kveile seg om heile jorda og bite seg sjølv i halen!
For ei som alltid har vore fascinert av sjømonster, måtte denne skapnaden vere det ultimate uhyret. Ikkje minst kunne han vere så skummel som hjernen min var i stand til å få han, for noko klår beskriving av beistet fanst ikkje. Han var stor, spytta gift og var for jotne å rekne, sidan far hans var Loke og mor hans var jotnen Angerboda.
Han var broren til Fenrisulven og dødsgudinna Hel, så det må ha vore ein ganske fargerik familie som samla seg kring middagsbordet i den heimen.

Frøya
Til sist var det då Frøya, som eg såg på som den kvinnelegaste kvinna det var råd å vere. Ho var vakker, klok og ei dyktig trollkjerring. Det var ho som lærte Odin seidkunst, og når ho grin feller ho tårer av ekte gull.
Som Tor hadde Frøya òg ei vogn, men hennar blei trekt av to kattar. Og ein gris som heitte Hildesvinet som ho kunne ri på. Smykket hennar, Brisingamen, er smidd av fire dvergsmedar som ho måtte vere hjå ei natt kvar som betaling.
Ho var beinhard og ikkje redd for å stå opp for seg sjølv. Tor freistar å få ho til å gifte seg med jotunkongen Trym då han stel hammaren hans, men Frøya blir rasande då dei vil bruke ho som ei brikke i eit spel. Ho nektar, og det endar opp med at Tor må ta på seg brudestasen og reise sjølv for å utgje seg som Frøya.

Renessanse for den norrøne trua
I dag har både den norrøne trua og vikingane frå Norden fått ein renessanse gjennom både film, TV-seriar og teikneseriar. Marvel sin teikneserie Thor er laust basert på guden med hammaren, og er inspirasjonen til fire filmar. Thor, spelt av Chris Hemsworth, har òg dukka opp i andre filmar frå Marvel-universet, og TV-seriar som Vikings, Norsemen og The Last Kingdom har igjen bidrege til å gjere det heidenske folket frå nord aktuelle igjen.
Men for min del skulle eg gjerne sett ei god filmatisering av den norrøne mytologien. Å få sjå Midgardsormen i fri utfolding på sølvskjermen hadde verkeleg vore ein draum!
For Eirill blir det ei utfordring å ta stilling til den strenge kristendomen kontra den heidenske vikingtrua. Sjølv om mange forskarar påstår at dei nedskrivne kjeldene me har om norrøn mytologi er kraftig farga av den kristne trua i og med at det meste me kjenner til blei ført i pennen av Snorre Sturlasson nokre hundre år etter at vikingane gav avkall på religionen sin, så var folk flest i middelaldersamfunnet særs overtruiske, og både fjøsnissar og dei underjordiske har djupe røt i norsk folketru som strekk seg nesten heilt opp til vår eiga tid.
Så om Frøya kan hjelpe litt til med å få folk friske for ein klunk øl og ein hønseskrott, så skadar det kanskje ikkje å prøve?

Sagt om første bok i serien:
En soleklar sekser!
Kjersti Weum Bekkestad, serieleser
Jeg ble sugd inn i historien. Forfatteren har en unik måte å beskrive karakterer og omgivelser på, alt føltes levende og ekte. Vakkert skrevet og en flott leseopplevelse! Terningkast 6!
@lesestunder
Wow! Lukritzia beskriver tidsperioden så levende at jeg ser for meg gårdene og menneskene som bor der. En fornøyelse å lese!
Anita Havn Mjelstad, bokelsker

Eirill seidkvinne
Sognefjorden, år 1355: Etter at svartedauden har herjet, ligger mange gårder øde. De som overlevde sotten, strever under harde kår. Eirill er 16 år og seidkvinne på gårdene i fjellsidene over fjorden. Hun har legende evner og hjelper folk i nød. Eirill høster aktelse for kunnskapen sin, men må trå varsomt. I en tid hvor overtroen er like sterk som troen på Gud, er hun lett å skylde på når uhell og sykdom rammer.
Eirill vil helst være fri, bo i skogen, jakte og fiske. Hun har et hemmelig forhold til smeden i bygda, men verken ønske om å gifte seg eller sette barn til verden. Når to menn plutselig kjemper om henne gunst, oppdager hun likevel at hjertet går sine egne veier …