I Eirill seidkvinne blir du tatt med til en fascinerende tid i Norges historie: årene etter svartedauden. Serien har handling fra Sogn, og forfatter Lukritzia Loven har ekstra god kjennskap til flere av stedene du besøker.

Tekst: Lukritzia Loven
Stuphedla er oppdikta. Men alle dei andre stadene me vitjar i Eirill seidkvinne er høgst reelle plassar langs vestlandskysten!
Eg har alltid sett for meg at Stuphedla ligg oppi fjella ein plass, nær Fardal utanfor Sogndal. Men bortsett frå denne flyktige tanken er alt knytt til staden rein fiksjon.
I bøkene mine renn det ei elv nedover fjellsidene som endar i ein storslått foss som forsvinn ut i Sognefjorden. Eg har kalla den Stupselvi, sjølv om inspirasjonen er henta frå den ekte elva Fardalselvi.
Men så snart historia mi tek eit skritt utanfor den vakre garden sin oppi fjellsida, kan du finne stadene eg skriv om på kartet.
Balestrending til min døyande dag
I Eirill seidkvinne legg Eirill og følgjet hennar ut på eit lite eventyr der dei freistar å spore opp slektene sine. Og ein av stadene dei endar opp er i Balestrand, bygda eg sjølv voks opp i.
Namnet Balestrand var det sjølvaste Henrik Wergeland som skjenka bygda mi. Han var på reisefot gjennom Sogn i 1832 og skreiv diktet «Framnæs – Balestrand», og dermed blei Bale til Balestrand.
Den vetle bygda som ligg ganske så midt i Sognefjorden er i dag heimstaden til under tusen balestrendingar, og lokkar turistar på vitjing med sine nydelege fjell og staselege sveitserstil-villaer.
I dag er Balestrand ein del av Sogndal kommune. Men eg kjem nok personleg aldri til å sjå på meg sjølv som sogndøl; eg er balestrending til min døyande dag!



– Kom deg ut! Skreao gaor!
I historia mi kjem Eirill til Balestrand i søken etter onkelen sin som held til på garden Fjorleifstad, lengje før ein einaste turist hadde sett sine føt her.
Fjorleifstad er etter alt å dømme det opphavlege namnet på Fjærestad, der foreldra mine bur den dag i dag. Det skal ein gong ha vore ein stor gard, men med tida har den blitt delt opp i mange mindre bitar og den delen eg voks opp på er no for lite til å drive jordbruk.
Fjærestad ligg midt mellom dei to små elvene Sandsgrovi og Fjærestadgrovi, under vakre fjell og med fjorden langstrekt på nedsida. Når vinterstormane rasa som verst var det ofte at familien min måtte evakuere grunna skredfaren i fjella over oss, noko eg har teke med meg inn i historia. Ein gong eg var aleine heime som tenåring kom raset lengjer ned mot huset enn nokon gong i mi levetid, og stoppa like overfor andre sida av vegen over oss. Eg blei intervjua på radio og gode greier, sjølv om det for min del ikkje var så dramatisk. Eg sat på internett og kosa meg då pappa med eitt kom brasande inn dørane og gaula: – Kom deg ut! Skreao gaor!
LES FØRSTE BOK I SERIEN GRATIS!
Målet er Bjørgvin
Men reisa går vidare frå Balestrand. Våre vener har tenkt seg heilt til Bjørgvin, og på ferda stoppar dei både på Målsnes, i Tusviki og i Høyanger som nok er kjende stader for dei fleste der heime.
Målet er Bjørgvin, som i dag heiter Bergen, og det er byen eg har budd i og like utanfor mesteparten av mitt vaksne liv.
Sett med dagens auge var Bjørgvin ein liten by, men på eit tidspunkt var det den største i heile Norden!
Om ein tek turen til Bryggen og vandrar i retning Sandviken, er det framleis mogleg å sjå spor etter middelalderen her. Her finn ein kyrkjer og borger, samt dei sjarmerande trehusa med smale smug som har stått der sidan hanseatane si tid i byen. Går ein innover i dei tronge gatene kring Hollendergaten, kan du finne Dyvekes Vinkjeller, som er ei skjenkestova med røt heilt tilbake til 1300-talet! Her tok blant anna ein av mine barndomsheltar Gjest Baardsen, meistertjuven frå Sogndal, sitt siste sukk i 1849. Og ja, eg var ein pussig skrue allereie den gong, som hadde slike førebilete.

Både Balestrand og Bjørgvin var nokså annleis på 1300-talet, men fjordar og fjell har vore der lengjer enn det har budd folk i landet. Skulle du vere så heldig å opphalde deg på vestlandet, så anbefalast det å ta ein tur innom nokre av desse stadene, for du verden så vakkert det er her!
Lukritzia
Forfatteren har en unik måte å beskrive karakterer og omgivelser. Vakkert skrevet! Terningkast 6.
@lesestunder
En soleklar sekser!
Kjersti Weum Bekkestad, serieleser

Eirill seidkvinne
Sognefjorden, år 1355: Etter at svartedauden har herjet, ligger mange gårder øde. De som overlevde sotten, strever under harde kår. Eirill er 16 år og seidkvinne på gårdene i fjellsidene over fjorden. Hun har legende evner og hjelper folk i nød. Eirill høster aktelse for kunnskapen sin, men må trå varsomt. I en tid hvor overtroen er like sterk som troen på Gud, er hun lett å skylde på når uhell og sykdom rammer.
Eirill vil helst være fri, bo i skogen, jakte og fiske. Hun har et hemmelig forhold til smeden i bygda, men verken ønske om å gifte seg eller sette barn til verden. Når to menn plutselig kjemper om henne gunst, oppdager hun likevel at hjertet går sine egne veier …