Lukritzia er hjernen bak «Søstre»

Søstre er romanserien alle snakker om i høst! Første bok har allerede rukket å få mange lovord fra serieleserne – den fengslende serien fra Sogn skal de følge videre!

Lukritzia Loven debuterer som forfatter med Søstre, så hun er et (foreløpig) ukjent blad for leserne. Vi tok en prat med henne for å bli bedre kjent!

Hei, Lukritzia! Gratulerer så mye med både Søstre og forfatter-tittel! Hvem er du?

Lukritzia er fødd i Balestrand i Sogn og Fjordane, og er stolt sogning. Sjølv om eg no har fylt 40, så slit eg litt med å bli vaksen. Eg har alltid hovudet fullt i draumar og merkelege innfall, og forsvinn gjerne inn i mi eiga vetle boble med dragar, einhjørningar, tussar og troll.

Eg gifta meg no i august med sjelevenen min, Glenn, og eg elskar dyr. I skrivande stund har eg to hundar og tre kattar. Status i flokken endrar seg gjerne, for det er alltid nokre dyr som kjem snublande inn i livet mitt og vil flytte inn.

Før eg byrja å skrive jobba eg ein del i filmbransjen, hovudsakeleg som produsent, men har òg vore innom manus, produksjonsdesign og foto. Eg elskar det, for det er noko unikt med det å skape eit univers og flytte inn der for ein periode, og så kome tilbake til den verda som eg faktisk høyrer til i.

I tillegg har eg studert ganske masse forskjellig før eg greidde å «lande»; journalist, engelsk, filmfotograf, ungdomssosiologi og digital kultur. Men det var tydelegvis forfattar som var mitt verkelege kall!

Og det er vi veldig glade for! Kan du si noen ord om hva serien handler om?

Søstre handlar om to unge systre som blir skild frå familien sin då garden dei bur på blir angripne av røvarar i 1345. Live, som er eldst, er ei veldig flink og skikkeleg jente som vil gjere alle glade og bli den perfekte kone, mor og kvinne. Men vetlesyster hennar, Eirill, er ein liten opprørar som heller vil vere fri til å gjere som ho vil og ta eigne avgjersler. Eg vil sei ho er ein feminist langt før si tid. Dette fører til mange konfliktar, fordi me er i ei tid der kvinner var underordna mannen og kyrkja sat på toppen og bestemde det aller meste.

Hvis du skulle levd i en annen tid, hadde kanskje middelalderen stått øverst på ønskelisten?

Haha! Nei, overhovud ikkje! Eg er eigentleg veldig glad for at eg lever i den tida eg lever, sjølv om 80- og 90-talet gjerne kunne vart lengjer. Livet i middelalderen var tøft, og eg hadde nok havna i like mykje trøbbel som Eirill har ein tendens til å gjere, som den feministen og stabukken eg er.

Hvordan føles det å endelig kunne legge «serieforfatter» til CV-en?

Å vere serieforfattar er fantastisk. Eg har heilt sidan eg var i tenåra drøymd om å skrive noko i den sjangeren, der ein kan følgje slekter og generasjonar, og det er heilt rått å endeleg få moglegheita til å gjere akkurat det!

Mange forfattere begynte å dikte historier allerede som barn. Det gjorde kanskje du også?

Eg har skrive sidan før eg lærte å skrive! Eg hugsar eg skreiv dikt då eg var 5–6 år gamal, men sidan eg ikkje hadde lært bokstavane endå, dikta eg mitt eige språk for å få det ned på papir. Då eg var 9 år byrja eg på mi fyrste bok. Den blei cirka ei halv dataside lang, for det tok så lang tid å skrive med to fingrar. Men så snart eg lærte meg touch-metoden då eg var 11, byrja eg å skrive bøker. Og sidan har det berre balla på seg.

Hvor tryller du frem serieromanene dine? Har du et fast sted du sitter og skriver?

Me har ei lita hytte på Frotveit der eg så godt som har busett meg. Her har eg òg eit lite anneks, som opprinneleg var sett opp til overnatting for gjestar, men eg har like gjerne innreia det til mitt eige vetle kontor med utsikt over vatnet nedanfor oss og skog og fjell på alle kantar. Kallar den for Skrivarstovao, noko som er ganske så passande etter mi meining.  

Vet du alltid hva som skal skje når du setter deg ned for å skrive? Har du en plan, eller lever personene sine helt egne liv?

Eg har eit langsiktig synopsis som karakterane mine tydelegvis har stor forakt for. Fleire som kjenner meg vil nok sei dei meir enn ein gong har høyrd meg beklage meg over uventa graviditetar, dumme innfall hjå karakterane, og ting dei ikkje burde ha sagt som dei likevel lirde av seg på feil stad til feil tid. Dei lever så absolutt sine eigne liv, og oftare enn ikkje har eg null kontroll på kva dei finn på. Men det er utruleg gøy òg, for eg kan bli like overraska sjølv, så eg har like mykje underhaldning som forfattar som eg vonar lesarane får som lesarar!

Hvor henter du inspirasjon?

Det er faktisk veldig ofte folk spør meg om akkurat det, og eg brukar å svare: Du skulle berre VISST kor mykje som allereie ligg lagra oppi knollen min! Historiane ligg på ein måte berre der og ventar på å bli nedskrivne. Kvar dei har kome ifrå anar eg ikkje, men det skjer at nokre idèar dukkar opp når eg søv til dømes. Eg drøymer MYKJE.

Hva liker du å gjøre når du ikke skriver bøker?

Eg er veldig glad i å vere sosial med vener, spele brettspel, kose meg med mann og dyrehage, spele dataspel, sjå på film, danse og syngje. Og så må eg innrømme at eg er frykteleg lat og ELSKAR å sove.

Hva liker du selv å lese?

Tidlegare slukte eg bøker i større tempo enn amerikanske politimenn sluker donuts. Favorittforfattarane mine er Tolkien og Astrid Lindgren, men eg likar òg å lese krim-, skrekk- og historiebøker.

Men når eg skriv sjølv klarar eg ikkje å lese andre sine verk, for eg er livredd for at eg underbevisst skal stjele andre sine idèar! Eg vil at mine skriveri skal vere mine, så då løyser eg heller kryssord på senga framfor å lese.

Har du noen gode tips til serielesere som drømmer om å bli serieforfattere?

Eg vil heller sei det er eit råd til alle som går med draumar om å gjere noko: Berre GJER det! Ein taper så utruleg mykje meir på å ikkje ta ein sjans, og du angrar alltid meir på det du ikkje gjorde enn det du faktisk gjorde. Ein må ha noko å snakke om når ein kjem på gamleheimen tross alt!

Og helt til slutt: HVORFOR skal vi lese Søstre i høst?

Eg har alltid elska sterke kvinner. Mine heltinner i oppveksten var Pippi Langstrømpe, Ronja Røverdatter, dei kvinnelege protagonistane i Alvefolket (ElfQuest), She-Ra og Buffy the Vampireslayer. Jenter som tok opp kampen og gjekk rett inn i løva sin munn utan å sjå seg tilbake, men som likevel hadde kjensler og eigne meiningar var alltid dei beste.

Eg likar å tru at Eirill er ei slik jente, og verda treng fleire som ho. Ho er uredd, bestemd og har bein i nasa. Men syster hennar, Live, er rake motsetjinga og eg trur at dei fleste kan kjenne seg igjen i ein av dei to eller kanskje begge. Eg håpar at folk kan finne inspirasjon i karakterane i Søstre til å våge å vere seg sjølv og gi litt blaffen i kva alle andre meinar.

I tillegg er middelalderen kring tida då svartedauden kom til Europa ei utruleg spennande tid, og eg likar å tru at det er ein lærerik serie for folk flest. Verda var brutal og livet var ikkje så langt. Men eg trur at folk var flinkare til å sjå det positive kring seg mykje klårare enn kva me i dag er i stand til.

Ofte føler eg me gløymer kor mykje vakkert det er i verda, fordi det druknar litt i ei forventning om kor perfekt alt skal vere, korleis me framstår på Insta og at me heng oss opp i bagatellar som til sjuande og sist ikkje betyr så mykje.

Alt går så fort i dag, men i tida til Live og Eirill hadde dei ikkje klokke på veggen eller innlagd vatn. Og sjølv om det var hardt arbeid å drive ein gard som den på Stuphedla, blei ljospunkta deira så mykje større når dei fyrst kom. Og eg meinar me kunne hatt godt av å gjennoppdage verda gjennom slike auge alle som ein.

Tusen takk for praten, Lukritzia! Vi gleder oss til å lese Søstre!

Bli abonnent og få bok + sminkepung!

Vil du ha Søstre sendt rett hjem til deg? Du betaler akkurat det samme som i butikk, og du får bøkene helt portofritt. Som abonnent nyter du også godt av flere andre fordeler:

  • Du får en nydelig sminkepung i velkomstgave.
  • Du kan selv velge hvilken bok abonnementet skal starte på.
  • Du slipper å huske salgsdato for neste bok.
  • Du har ingen bindingstid og kan stoppe abonnementet når du vil.
  • Du får gratis bok i posten ved lansering av nye serier.