Min uke – Lukritzia Loven

Forfatteren av «Søstre» var litt uheldig med bursdagsuken sin. En lei influensa kom snikende. Men heldigvis kom hun seg inn i skrivestua til slutt!

Tekst: Lukritzia Loven

Lukritzia Loven, forfattar og filmskapar.

Det er det eg omtalar meg sjølv dersom nokon spør kva eg driv med. Eg skriv bøker og filmmanus, og jobbar som filmprodusent, regissør, skodespelar og lagar film med resten av gjengen min i filmselskapet Alien Ghoti.

Eg bur like utanfor Bergen saman med mannen min, som på nettet berre omtalast som Dùnedain, den kinesiske nakenhunden Pixie, schäferen Elessär og tre herlege pusejenter: Khavi, Thrallya og Èowyn.

Ina Lukritzia Loven Borlaug og mannen hennes, som omtales som Dùnedain.

Ei vanleg veke for meg utspelar seg for det meste i den vetle raude hytta på tunet, som eg har døypt Skrivarstovao; ei vaskeekte lita nerdebule med gaming-pc, ei stor samling dragefigurar, skumle dokker, FunkoPOP!s og teikneseriar. Det er eit slikt miljø som må til for å skape vaskeekte litteratur-magi!

Den populære serien «Søstre» er på 20 bøker.
min uke-stripen

Måndag

Akk o’ ve! Han dansken som førde båten vår tilbake til Bergen kunne særs gjerne ha vore LITT mindre aktiv over høgtalaranlegget denne måndags morgonen.

Eg vakna med litt «kva har eg vore med på som eg har gått glipp tå»-kjensle, vondt i halsen og dottar i øyro, og det var ikkje berre tequilaen frå kvelden før si skuld!

Derimot var det teppegolv og tørr luft på lugaren som hadde spelt ei sentral rolle i å gjere meg såpass maroder sånn på morgonkvisten, og det var ei befriing å få til sist få subbe seg ned landgangen og ut i frisk luft i Jekteviken i Bergen.

Men slik startar ikkje kvar einaste måndag for denne forfattaren. Akkurat denne veka er det unntakstilstand, for underteikna har bursdag! Ikkje før neste laurdag vel og merke, men det er ein kjennsak at Lokkrisen feirar seg sjølv gjerne ein månad til endes om ingen stoppar ho.

Så då kompis og kollega Jonny kom dansande med to billettar til Waves of the 90s-cruise i bursdagspresang, sa det seg sjølv at det var duka for ei helg med høg neon-faktor, heftige nostalgiske beats og Buffalo-sko. Som eg for så vidt endå ikkje har pakka vekk; eg kjøpte meg nye i forfjor, for ein kan ikkje berre gå cold turkey heller. (og derfor har eg gått i Buffalo-sko sidan 1995…)

Etter konsert med både danske Hit ‘n’ Hide og norske Reset, vakna eg denne måndagen og innsåg at eg hadde teke med meg litt meir enn kvota mi frå Danmark. Her var det full forkjøling, og for å sei det slik: Det blei ikkje så mykje jobbing då eg omsider kom meg heimatt. Hovudet var så tett at ikkje ein gong tankane mine klarte å ta seg fram gjennom hjernegongane.

Så det blei ein tidleg kveld utan mykje fornuftig arbeid å vise til.

min uke-stripen

Tysdag

Når skrotten rett og slett ikkje vil lage lyd, og ein for i det heile å kunne svare på spørsmål ein blir stilt må hente kreftene heilt nedi tåspissane, då VEIT du at det blir ein dårleg dag.

Eg har to volum: Svak kviskring eller det løvebrølet eg endar opp med når eg må ta sats for å snakke.

Så mannen blir send på bui for å kjøpe RedBull (my poison of choice) medan eg synk saman framfor pc’en for å freiste å gjere noko. Eit eller anna. Kva som helst.

Vanlegvis har eg ei kvar bok og eit kvart kapittel klårt i hovudet når eg set meg framfor skjermen, men not today Satan.

Det er vanskeleg å vere produktiv når ein ikkje får oksygen, konkludera eg med og skrur på YouTube for å sjå spøkelsesfilmar i staden, medan eg freista å drukne sorgane mine i kamille-te.

Honning har me ikkje, for eg svergar at han eg er gift med et det med ause. Så han får ein passiv-aggressiv SMS frå meg: «Kjøp. Meir. Honning!!»
Så går eg og Pixie tilbake til Skrivarstovao der me for tida bur og kryp oppi senga. Ho har løpetid, eg har influensa.

Pixie er god å ha.

Dermed lid me saman medan me ventar på påfyll av naudsynt proviant. 

min uke-stripen

Onsdag

Sjølv med kamille-te intravenøst og eit lettare overforbruk av nasespray, så er ikkje skrotten så fungerande som eg skulle ynskje. Eg føler meg litt som Vy her eg sit; alle toga står klare på stasjonen, men ikkje pokker om dei kjem seg dit dei skal.
I dag skal dessutan eldstejenta Khavi til dyrlegen for årskontroll og vaksiner, så då blir det ikkje gjort så mykje når arbeidsprosessen allereie går treigt som sirup.

Eg må avlyse eit produksjonsmøte med ein musikar som Alien Ghoti skal lage musikkvideo for, og satsar på at formen blir betre etter påske så me kan setje opp eit nytt. Dei få kreftene eg har må eg ta med meg til dyrlegen.

Handle litt må me òg gjere, for det er ekko i kjøkenskapa etter hurraturen vår. Heldigvis kan mannen ta seg av det, så sant eg berre tek meg av den delen der Khavi skal inn til doktor Dyregod. Ho er mammajente, så ho føretrekk at mamsen tek seg av slikt.

Og medan han handlar, kan eg sitje i bilen og vente og drive research. Det er ein fantastisk inspirerande del av forfattar-jobben: Sitje og sjå på folk som går forbi. Mange karakterar blir danna på denne måten, for sjølv om det meste av mine skriveri føregår i gamledagar, så har kvart einaste menneskje ei historie å fortelje. Og kjenslene til nokon som levde i 1349 eller i 1835 kan ha vore nokså like dei eg og du kjenner på i dag.

Eirill er på mange måtar eit spegelbilete av kven eg var då eg var lita. Ho tenkjer mange av dei same tankane eg grubla på, sjølv om det ligg nesten 700 år mellom oss. Live har blitt meir den personen eg trudde verda ville at eg skulle vere; pliktoppfyllande og familiekjær, flink og A4.

Søstre 16
Bok 14 i «Søstre» er i butikk 16. mai.

Takk og pris blei det aldri slik eg enda opp, for eg trur eg hadde kjeda meg noko frykteleg dersom eg hadde gått den vegen!

Men det er meg. Eg er veldig oppteken av at alle må få vere seg sjølv på akkurat den måten dei føler er best. Eg likar å ha fargerikt hår, tusle kring i platåsko, ha ein familie av firbeinte pelsdottar, og leve av å dikte opp eventyr. Men samstundes er eg veldig glad ikkje alle er slik som meg, for noko seier meg at verda hadde stagnert ganske fort om alle skulle sitje framfor pc’en og fantasere heile dagane!

min uke-stripen

Torsdag

Frisørtimen i morgon må òg avlysast. Eg hadde planar om å ha påfuglfarga pixie-cut med matchande negler til bursdagen min, men eg trur ikkje eg klarar å sitje oppreist lengje nok til at frisørdama mi kan forvandle meg til eit slik fargesprakande kunstverk. Dermed ser det ut til at eg må vere utvaska og falma rosa-topp til i alle fall etter påske.

Vanlegvis prøver å skrive aktivt frå klokka 10 til 16, og få ferdig anten 3000 skrivne ord eller tilsvarande to kapittel. I desse dagar er eg i prosessen med å starte på ein ny bokserie, og leverte synopsis på den førre veke. Fyrste bok har allereie 20 kapittel, så det går unna i det minste, sånn når forma er der den skal vere. Ein slik dag er det ikkje i dag; eg har fått ned tre avsnitt før kroppen skreik etter senga igjen.

«Søstre» er ferdig skriven, og eg blei nøgd med korleis eg avslutta. Litt verre er det å starte på noko nytt, i og med at det er lett for å bli hengjande att på Stuphedla der eg har vore dei siste åra.

Medan eg har prøvd å få historia på plass i hovudet, har eg sjonglert litt med ein del andre prosjekt. For tida har eg ei barnebok, eit spelefilmmanus, eit kortfilmmanus og ei novellesamling som eg hoppar til innimellom for å få avbrekk. I tillegg har eg send inn fleire TV-seriemanus til ulike produksjonsselskap i håp om å få napp der, men så langt har det ikkje vore vidare stor respons.

For meg er det uansett viktigast at eg ikkje sluttar å skrive. Då får eg fort forfattar-obstipasjon.

Når det skjer samlar det seg opp så mange idèar og historiar i hovudet at det kjennest som om skallen er i ferd med å implodere. Eller eksplodere. Det kjem heilt an på kva type idèar som samlar seg opp.

Og så har det litt med at eg verkeleg elskar å skrive, og skape eigne univers der eg kan få lov å utfalde meg fritt! Sjølv om eg har innsett i arbeidet mitt med «Søstre» at det ikkje alltid går så knirkefritt som ein kanskje skulle tru.

Karakterane har ein heilt eigen vilje, så sjølv om eg har historia klårt for meg frå fyrste ord i fyrste bok, kan du banne på at dei eg skriv om har heilt andre planar.

Fleire av graviditetane til damene me møter i 1300-talsnoreg var eg overhovud ikkje informert om før dei brått hadde kul på magen, og drittsekkfaktene til Nikulas litt uti serien kom like overraskande på meg som for alle andre.

Karakterene i «Søstre» har sin helt egen vilje, og Lukritzia vet ikke alltid at de er gravide før kulen på magen er der.

Samstundes er dette ein del eg verkeleg likar med å skrive. Det er noko magisk med å ikkje ein gong sjølv alltid vite kva som skal skje på skjermen framfor meg, men nokre gongar skulle eg verkeleg ynskje dei kunne åtvare meg på førehand så eg slapp å vere nøydd å gå tilbake til start for å skrive om. Andre gongar har karakterane vore veldig ansvarlege, som når eg sat og frykta litt for livet til Astrid i bok 3 fordi ho var så pjusk, men så viste det seg jammen meg at ho «berre» var med barn!

min uke-stripen

Fredag

Med tilhøyrande dramatiske effektar blussa feberen opp igjen, og eg måtte krype til korset og innsjå at det ikkje blir noko vidare storfeiring av dagen min slik eg hadde gledd meg til.

Khavi har tydelegvis tilgitt meg, for ho har atter teke plass i Skrivarstovao mellom skjermen og tastaturet for å passe på at mamma jobbar.

Sekretæren Khavi passer på.

Utanfor sit Thrallya og held vakt, medan ho held kontroll på at eg tek jamnlege pausar der eg kjem ut for å klø ho bak øyro.

Det har blitt sagt at det å ha born og det å ha dyr ikkje kan samanliknast, men at det kan gjerast unntak i mitt tilfelle slik som eg tullar og kavar med desse pelsklingane mine. Og no er alle mann på dekk for å sørgje for at eg får fullført ei ny bok, utan at det har så mykje innverknad.

Dørvakten Thrallya.

I det minste kan eg flytte innatt i mi eiga seng, for løpetida til Pixie ser ut til å vere over og me slepp å bu i Skrivarstovao lengjer.

Kroppen vil rett og slett ikkje, og eg blir sitjande og stire tomt på dei fire avsnitta eg har greidd å skrive, før eg innser at dette ikkje går vegen.

Eg kravlar meg tilbake til loppekassen og drar dyna over hovudet.

min uke-stripen

Laurdag

Happy birthday!

Sjølv om feberen har herja seg ferdig, føler eg meg framleis som om eg er overkøyrd av ein dampvegvals. Dovregubben har invitert heile bøtteballetten på kloggedans og polka-party i hovudet mitt, og eg føler meg skikkeleg mørbanka.

Heldigvis har eg ein fantastisk mann som diska opp med rundstykkjer, eggerøre, bacon og varm sjokolade med krem. Det gjer godt for ei sjuk og aldrande sjel. Han har òg kjøpt ein nydeleg orkidè til meg, og minst eit KILO med snop!! Så då er det berre å rigge seg til i sofaen, skru på ein skikkeleg god skrekkfilm og slappe av. Noko anna har eg ikkje overskot til uansett.

En vakker bursdagsorkidé.

Etter nokre telefonar med gratulasjonar frå folk som eigentleg skulle vore her og feira med meg, endar det med at eg må kapitulere på nytt og krype til køys igjen.

min uke-stripen

Sundag

Påskesola er allereie på plass utanfor stova mi, men eg har ikkje tid til å nyte den.

Her må det jobbast, for endeleg er eg i stand til å sitje oppreist i meir enn fem minutt av gongen! Eg har gitt meg sjølv ei veke til å få ferdig fyrste utkast av bok ein i den nye serien min, så medan sola strålar utanfor sit eg framfor skjermen og skriv så tastane flyg.

Lukritzia uten for skrivestua, eller «skrivarstovao» som hun sier.

Ei vanleg seriebok skal vere på mellom 52 000 og 55 000 ord, og per no er eg oppe i 25 907 for å vere heilt nøyaktig. Eg har med andre ord eit stykkje att.

Det blir ein lang dag før eg omsider slår av pc’en og tek kveld, med von om at den komande veka blir meir produktiv. Det blir ikkje så mykje påskeferie på meg i år, men det får heller våge seg. Ein kunstnar tek ikkje fri, men eg skal ærleg innrømme at eg elskar jobben min!

Helsing frå Lukritzia

Søstre

Bli med til vakre og mektige Sognefjorden!

De mistet foreldrene sine på mest brutale vis. Nå må de finne veien videre – på hver sin måte.

Serien er på 20 bøker!

«Fortryllende sidevender! En magisk og eventyrlig historie. Terningkast 5.» – Jernbanefrua, bokblogger