To systrer i middelalderen

I arbeidet med Søstre har Lukritzia fått kunnskap om både toalettforhold, tortur- og straffemetodar, slakteteknikker og giftige planter i middelalderen. Det er mye research som skal til når man skriver en romanserie!

Tekst: Lukritzia Loven

Å skrive om menneska som levde i Noreg for meir enn 600 år sidan krev ein del djupdykk i alle slags merkelege kjelder.

Om nokon hadde gått gjennom søkjehistorikken min på nettet for dei siste par åra, så hadde dei nok tenkt sitt.

Eg har googla toalettforhold. Tortur- og straffemetodar. Rettprotokollar. Slakteteknikkar og korleis ein både garvar pels og skinn. Barnefødslar, lepra, giftige planter i norsk natur og gamle gravskikkar. Dette fører sjølvsagt til at alt frå bleieprodusentar til gravferdsbyrå peprar meg med reklame, men sånt må ein berre forvente i forfattaryrket.

For det er mykje som skal vere på plass og stemme med tida me oppheld oss i.

Korleis budde dei i Sogn kring 1350?

Då eg skreiv dei fyrste bøkene heiv eg meg på nettet for å sjekke opp i kvar einaste liten detalj eg la til i historia. Det til tross for at eg i utgangspunktet alltid har vore litt historie-geek og lese meg opp på veldig mykje rart.

Men no måtte eg ned på eit heilt nytt nivå, for dei som levde langs med Sognefjorden kring 1350-talet var ikkje representert i det eg hadde lese om livet i middelalderbyane. For det er derifrå me har det meste av informasjon, sidan dei som kunne skrive på denne tida gjerne var dei som held til i klostera eller blant dei som sto dei kongelege nær. Og dei brydde seg som regel fint lite om bondestanden i utkantstrøka.

Korleis snakka og formulerte dei seg i Sogn på denne tida? Korleis budde dei? Og korleis var kvardagen deira? Hadde dei vindauge i husa sine? Kva åt dei?

Ein gjorde sitt fornødne på «stokken»

Mange av kjeldene som eksisterer frå denne tida forsvann i tillegg då Svartedauden gjorde sitt inntog, fordi så mange av dei som kunne skrive døydde under pesten. Det blei ein del famling i mørkret før eg bestemde meg for å knyte det eg ikkje fann ut av opp mot korleis arkeologiske funn viste oss at kvardagen i vikingtida var, for då var eg i det minste på den sikre sida om at det på eit tidspunkt sannsynlegvis hadde vore slik.

Den fyrste av fallgruvene eg ramla nedi var utedassar. I god tru hadde eg gikk folket på Stuphedla ein noko primitiv utedo, men det blei fort påpeika at i den tida gjorde ein sitt fornødne på «stokken». Eit hol i bakken med ein stokk på tvert over der ein kunne gjere sitt fornødne.

Dopapir hadde dei heller ikkje; ein tok det ein hadde for handa. Det kunne vere mose, blad, gras eller i rikare kretsar; ull. Går ein heilt tilbake til antikken brukte dei faktisk potteskar! Au!

Brukte sko når det var naudsynt

Live og Eirill kjem frå fattige kår til eit liv på ein rik gard i starten av fyrste bok. Og slikt ville sjølvsagt by på ein del utfordringar, for sjølv om Live var ei jente som voks opp slik dei fleste jenter på denne tida gjerne voks opp, der ho lærte å spinne, sy, lage mat og sjå til beista, så hadde syster hennar fått gjere som ho ville stort sett.Eirill var yngst i syskenflokken, og fekk både skyte med pil og bue samt springe i skogen saman med brørne sine. Ikkje syns ho det var så viktig med sko heller, for det er ikkje umogleg at dei fattigaste i denne tidsperioden berre brukte sko når det var naudsynt, for å spare på det dei hadde. Når sumaren kom parkerte dei derfor skoa i Klamrevika der Live og Eirill voks opp, og dette heng framleis i Eirill når ho kjem til Stuphedla. Ho sparkar dei av seg så snart ho får moglegheita.

Kvinner hadde det overordna ansvaret

Ein ting som forundra meg då eg byrja med research til bøkene mine var den store skilnaden mellom kvinnene i vikingtida og kvinnene i middelalderen.

Då Noreg var busett av mektige krigarar før kristendomen gjorde sitt inntog, hadde kvinner mange fleire rettar i samfunnet enn dei hadde seinare.

I vikingtida hadde kvinner det overordna ansvaret for garden når mannen reiste bort. Dei kunne ta ut skilsmisse, dei reiste på tokt og dei kunne vere krigarar.

Men då katolisismen kom snikande, blei kvinna fullstendig underordna mannen og kyrkja. Ho blei stempla som både svak og dum, og blei gjerne minna på korleis det var Eva som lokka Adam til å synde i Paradis.

Eg trur derimot ikkje det mangla på sterke kvinner i denne tida, og derfor har eg latt Eirill få lov å vere den vilte spirrevippen ho er. Ho møter motstand, men ho finn òg mykje styrke i til dømes den kraftige bondekona Åsa og ikkje minst den sjølvstendige trollkona Gygri.

Eg berre håpar ho held på denne pre-feministiske attituden livet ut!

Gripende serie fra vakre Sognefjorden


De mistet foreldrene sine på mest brutale vis. Nå må de finne veien videre – på hver sin måte.

Et sted langs Sognefjorden, 1345: Søstrene Live på tolv og Eirill på sju må flykte da husmannsplassen de bor på, blir stukket i brann og foreldrene drept. Moren klarer i siste øyeblikk å få jentene over i en båt og skjøvet den ut på fjorden. Der blir de etter flere dager funnet drivende, i svært dårlig forfatning, av bonden Nikulas. Et nytt liv begynner for den rolige Live, som vet hva livet har i vente og aksepterer det, og den mer viltre og rebelske lillesøsteren, Eirill.