På tur med Pesta og Gygri

Bli med på en utrolig reise til Sogn på 1300-tallet: 30. september er Søstre i salg! Seriens forfatter, Lukritzia Loven, er selv fra Balestrand i Sogn, og her forteller hun hvordan dan gripende serien ble til.

Tekst: Lukritzia Loven

På ein tur mellom heimbygda mi Balestrand og Sogndal då eg var lita, peika mor mi opp mot ein dal oppe mellom fjella og fortalde ei historie om staden. Eg hugsar ikkje kva ho sa, men i hovudet mitt byrja det å danne seg eit bilete av korleis det måtte sjå ut der oppe.

Det er vanskeleg å ikkje drøyme seg inn i ei magisk verd når ein veks opp i omgjevnader som dette! Foto: Ingun Vattekar Ulvestad

Desse bileta blanda seg med andre historier eg høyrde opp gjennom oppveksten. Om stader i Sogn der det var så bratt at dei måtte stå og plukke gulrøter. Om Jostedalsrypa, sinte gyger, draugen og mystiske trollmenn i bortgøymde dalar. Oldemor mi sto gjerne for historiene, og etterkvart som eg hadde lært meg å lese, nærmast pugga eg bygdebøkene på jakt etter fleire spennande segn og soger. Eg oppdaga Theodor Kittelsen sine magiske illustrasjonar, og spesielt bileta hans av Pesta og tida kring svartedauden, vekte ei stor interesse i det vesle hovudet mitt.

Pesta slik Kittelsen såg ho, i sin fulle prakt! Og ja, til og med beinharde tøffingar som forfattaren sjølv må innrømme at det var nokre mareritt der denne dama hadde hovudrolla gjennom oppveksta….

Pesta var herleg skummel der ho tusla kring mellom gardane, gråbleik og med svarte auge, med ei rake og eit sopelime. Stansa ho ved huset ditt og sopa over dørhella med sopelimen, døydde alle i husstanden. Men brukte ho riva, ville nokre av dei som budde der overleve.

Historia rann ut over tastaturet

Slik byrja trådane i forteljinga om Eirill, Live og livet på Stuphedla å samle seg på veven for å bli eit fullstendig teppe. Den har på eit vis alltid lagt der og venta på å bli skrive ned, men det var som om det brått berre lausna og historia rann ut over tastaturet.

Den fyrste karakteren som sto heilt klårt for meg var Gygri; den gamle trollkjerringa som held til i skogen der Live og Eirill endar opp. Ho er inspirert av mi eiga oldemor, som var eit av dei mest fascinerande og spennande menneskja eg nokon gong har møtt. Namnet Gygri er henta frå gamle soger frå Sogn om kjerringa til trollet. Opphavleg var ei gyger ei kvinneleg jotun i den norrøne trua, men heime der eg kjem frå blei ho etterkvart ei av dei meir folkelege trolla som lever i dei norske skogane. 

Gygri såg ganske annleis ut då ho fyrst dukka opp i hovudet mitt den fyrste tida! (bilete av Kittelsen)

Folk såg troll i skogen

I gamledagar var Noreg eit land fullt av magi og trolldom, som knivast med Guds ord og ei verd der kvinna skulle vere underordna mannen. Folk såg troll i skogen, og det var like verkeleg for dei som trugsmåla om at dei kunne ende opp i skjærselden eller i Helvete.

Sjølv om eg aldri har vore kristen sjølv og fundert så mykje over kor varmt det er i underetasjen, så er det ikkje fritt for at eg såg litt ekstra godt etter i skogen når me var på familietur i håp om at huldra eller ein sky alv skulle gøyme seg inne i mellom trea. Eg tek meg sjølv i å gjere det framleis, sjølv om trua ikkje er like sterk. Men kanskje ligg det ei lita tue og duppar i eit tjern som ser skremmande lik ut nøkken?

Huldra av Theodor Kittelsen

Gjengangarar på ferde

For mykje tussar og troll gjer ikkje ei historie vidare truverdig for folk i dag som kan skru på ljoset og sjå at det berre var katten som reiv ned blomevasen. Men i ei tid der heile familien sat samla kring ei grue i ei halvmørk stove, var det ikkje alltid at katten var den fyrste som fekk skulda. Då var det gjerne ein gjengangar eller kanskje fjøsnissen som hadde vore på ferde.

Om eg i tillegg plasserte ei ung jente i denne tida og let ho sjå verda gjennom borneauge, ville det nok lure endå meir i dei mørke skuggane kring på gardane i tida før og under svartedauden. Det var ei perfekt røre av det overnaturlege, bandet mellom systrer, tårer, humor og ein god dose av min kjærleik for svartedauden.

Ei historie om to systrer

Det blei mange rundar før tittelen sat, for til sjuande og sist handla ikkje forteljinga om tussar og troll. Det var ei historie om to systrer som såg verda gjennom heilt ulike auge; for Live som er eldst er det ein kamp for å vere perfekt, der ho skulle gifte seg, få born og vere den beste og mest gudfryktige kvinna det var mogleg å vere. Men for Eirill som er yngst handlar det om å ta eigne val, om fridom og å vere ansvarleg for si eiga skjebne.

Haldningane deira gir dei fleire utfordringar, for akkurat då som no kostar det litt både å følgje straumen og å symje imot. Men på den tida hadde dei både Pesta, gygra, Vårherre og Fanden sjølv på ryggen i tillegg!

Ängsälvor av Nils Blommér

Bli abonnent og få bok + sminkepung!


Vil du ha Søstre sendt rett hjem til deg? Du betaler akkurat det samme som i butikk, og du får bøkene helt portofritt. Som abonnent nyter du også godt av flere andre fordeler:

  • Du får en nydelig sminkepung i velkomstgave.
  • Du kan selv velge hvilken bok abonnementet skal starte på.
  • Du slipper å huske salgsdato for neste bok.
  • Du har ingen bindingstid og kan stoppe abonnementet når du vil.
  • Du får gratis bok i posten ved lansering av nye serier.