Inspirert av verkelege folk

Mange av karakterene i Søstre er skremmende like personer forfatteren har møtt i virkeligheten. Her forteller Lukritzia om noen av dem du møter i første bok.

Tekst: Lukritzia Loven

Då eg voks opp drøymde eg alltid om å ha ei syster, sjølv om så godt som alle eg kjende med systre på same alder som dei sjølve slåss som hund og katt.

Eg hadde verdas beste bror, som har vore min beste ven gjennom heile livet, men det var noko med tanken på det å ha ei syster.

Så kom dei til verda då, Eirill og Live, heltinnene i bøkene mine. Systre. Med to fullstendig ulike syn på verda, slik det sannsynlegvis ville vore dersom eg hadde hatt ei syster sjølv.

Live og Eirill

Eg kjenner meg mest igjen i Eirill. Ho har hovudet fullt i draumar, og om nokon ber ho gjere noko, kan du banne på at ho gjer det stikk motsette. Eirill er opprøraren, stabukken og bryr seg ikkje så veldig om kva alle andre tenkjer og trur. Ho blei fødd ei kald og mørk vinternatt, og ingen trudde ho kom til å overleve.

Live er rake motsetjinga. Ho blei fødd midt på ein solfylt sumardag og fødselen gjekk som ein leik. Ho er pliktoppfyllande, flink og drøymer om mann og born. 

På mange måtar blei Live mitt alter ego. Ho er alt eg følte at verda forventa av meg då eg voks opp. Ho blei storesystera eg aldri hadde, som sukkar oppgitt når Eirill sparkar av seg skoa og klatrar opp i nærmaste tre.

For akkurat som Eirill, ville eg ikkje vere som alle andre. Eg ville sjå nøkken i tjernet og huldra i skogen, for eg var ganske sikker på at dei var der berre ein såg godt nok etter. Ikkje ville eg bli vaksen heller, for det virka frykteleg keisamt.

Skremmande like verkelege folk

Desse to jentene kom til garden Stuphedla, drivande i ein båt. Og etterkvart som dei andre karakterane i historia dukka opp, merka eg meg at dei var skremmande like folk eg har kjend i den verkelege verda.

Sverre, den hissige storbonden på garden, er inspirert av min eigen tipp-tipp oldefar, som skal ha vore ein sinnatagg av dimensjonar. Dei kalla raseriet hans for «Fjærestad-ganden», og Sverre fekk dermed tilnamnet «Stuphedla-ganden».

Sverre og Eirill

Bror hans, Halldor, er ein rolegare kar. Han er sindig og hissar seg ikkje like lett opp. Me møter Åsa, den omfangsrike bondekjerringa og mannen hennar Gamle-Nikulas. Begge har eit hjarte av gull, og tek systrene inn som om dei var deira eigne. Dei minnar meg i stor grad om mine eigne besteforeldre, som begge var bestemde og visste kva dei ville, men som eg sette så utruleg høgt.

Og så er det Vesle-Nikulas; sonen til Sverre. På mange måtar føler eg ikkje at eg klarte å kome heilt inn under huda på han i byrjinga, han var litt mystisk for meg. Og slik skal strengt tatt gutungane vere i den alderen. Han er 13 år gamal då me møter han for fyrste gong, og Live er 12 år. Det er gjerne akkurat den tida då det motsette kjønn gir oss ein hærskare av sumarfuglar i magen og fargar kjakane våre epleraude når blikka våre møtes.  

GRATIS BOK TIL DEG!

Du får Søstre 1 både som e-bok og papirbok, og begge kan du bestille helt gratis og uforpliktende!

Bestill GRATIS bok.

Den viktigaste personen

Men det er ikkje til å kome ifrå at den aller viktigaste personen me møter i fyrste bok er Gygri. Ho er ei gamal kone som lever for seg sjølv i ei jordhytte inne i skogen saman med ei snakkande ramn som heiter Màni.

Gygri

Ho er både mystisk og nesten litt skremmande, men like god som dagen er lang. Utstøytt frå garden etter å ha blitt skulda for å ha drepe kjærasten sin, har ho helde seg i skogen, og kjem berre ned for å hjelpe når nokon blir sjuke eller det skal kome born til verda.

Det gode og milde i Gygri er inspirert av oldemora mi, som har vore mi heltinne heile livet. Ho var så full av lun humor og morosame historier, og eg kan ikkje minnast at ho hadde eit vondt ord å sei om nokon.

Eg ser så mykje likskap i forholdet mellom Eirill og Gygri som det eg hadde til mi eiga oldemor, og det kjekkaste med å skrive Søstre-serien er når eg får hente fram inspirasjon frå tida eg fekk saman med mi «ommo».

For meg har serien nærmast blitt eit slektstreff med gamle kjende, og eg vonar alle andre dukkar ned i dette universet vil dra på smilet og kjenne att karakterar frå sitt eige liv. For eg vil tru at det er i alle fall litt Live og litt Eirill i oss alle. Og forhåpentlegvis ein god dose Gygri.

Bli abonnent og få bok + sminkepung!


Vil du ha Søstre sendt rett hjem til deg? Du betaler akkurat det samme som i butikk, og du får bøkene helt portofritt. Som abonnent nyter du også godt av flere andre fordeler:

  • Du får en nydelig sminkepung i velkomstgave.
  • Du kan selv velge hvilken bok abonnementet skal starte på.
  • Du slipper å huske salgsdato for neste bok.
  • Du har ingen bindingstid og kan stoppe abonnementet når du vil.
  • Du får gratis bok i posten ved lansering av nye serier.