Ei reise kring Vestlandet

Slik kan det ha sett ut på Stuphedla ein gong i tida

Tekst: Lukritzia Loven

Søstre-serien går føre seg på den fiktive garden Stuphedla. Men eg ser for meg at den ligg gøymd i fjella i nærleiken av den vesle bygda Fardal, eit lite stykkje frå Sogndal.

Det måtte bli sånn, fann eg ut, for eg ville ikkje trakke nokon på tærne med å leggje garden til ein stad som faktisk hadde eksistert. Det kunne fort bli travelt å få ein heil bøling med sinte storbønder, trassige småborn og trollkjerringar som med eitt invaderte hagane til folk og gjorde krav på plassen.

Dermed blei plasseringa av Stuphedla litt diffus. Nøyaktig kvar den ligg veit me ikkje sikkert; alt me veit er at ein kan krysse fjorden og kome til Kaupangen, eller følgje fjorden innover og ende opp i Sogndal.

Godt mogleg at Live og Eirill traska oppover ein smal veg som denne, anten dei skulle til Sogndal eller ned til fjorden.

Det einaste som er noko basert på eit verkeleg namn eg kjenner til frå Sogn på garden, er Bjørketeigen. Det var opphavleg ein husmannsplass som grensa til småbruket eg sjølv voks opp på, og der både oldemor mi og bestemor mi hadde sin oppvekst.

Eg har alltid likt det namnet, så eg bestemde meg for å ta det med i historia. Kven veit kor mange bjørketeigar det ein gong var langs med fjorden?

Fjord og fjell i Sogn

Kongelege Arthur i Kaupangen

Sogndal er sannsynlegvis den staden i bøkene mine som dei aller fleste har høyrd om i Sogn, men Kaupangen er kanskje ikkje like kjend. I dag heiter plassen eg hadde i tankane då eg byrja å skrive Kaupanger, men eg valde å kalle det Kaupang-EN sidan det var akkurat det denne staden var for våre vener i Søstre. Ein plass der ein kunne drive handel, og der skip frå dei større byane la til kai for å selje tørrfisk frå nord og krydder frå sør.

Sjølvsagt kunne det ikkje måle seg med mengdene varer dei fekk inn i Bjørgvin, som i dag heiter Bergen, der hanseatane allereie var godt etablert i handelsrutene mellom Noreg og resten av Europa.

Men til og med på Kaupangen var det ein kar som ville drive handel i litt større skala enn dei fleste, som kom med kjøt, fisk og grønsaker for å selje på det vesle torget. Han heitte Arthur, og bygdefolket kalla han kongelege Arthur fordi han trudde han var noko viktigare enn dei andre kjøpmennene. I butikken sin selde han vakre stoff, forseggjorte smykke og brokade frå fjerne strøk. Men kundegruppa hans var særs avgrensa, for det var ikkje så mange bønder som hadde råd til å smykke seg med det han kunne tilby i bua si.

Kan det ha sett slik ut i langhuset på Stuphedla?

Ulike oppvekststader

Ein fann seg kanskje ikkje alltid ei kjerring eller ein husbond på garden ein voks opp på, som ein ikkje var i slekt med, på denne tida. Derfor har eg krydra karaktergalleriet mitt med folk med ulike oppvekststader.

Den omfangsrike bondekjerringa Åsa er fødd og oppvaksen i Lærdal, tenestejenta Gunhild har kome til Stuphedla frå Leikanger, og hovudpersonane Live og Eirill dreiv innover fjorden frå ein husmannsplass som låg i Klamrevika ute ved Bjordal.

Men igjen, i fare for å trakke nokon på tærne, prøver eg å ikkje gå for mykje i detaljar kring alle plassane eg nemner.

Det er berre når eg kan trekkje inn heimbygda mi, Balestrand, at eg føler meg på trygg grunn. Me møter nokre karakterar som har tilknytning til denne staden, som i dag blir kalla Perla ved Sognefjorden, og som i mine auge fortena namnet sitt. Det er riktig så vakkert der inne, og som i store delar av Sogn ligg den ved ein glitrande fjord omkransa av høge og majestetiske fjell.

Mykje av all inspirasjon til historiene mine er henta derifrå.

Balestrand

Mykje historie sitjande djupt i treverket

Bergen derimot, er ei utømmeleg kjelde av detaljar. Der kan ein framleis rusle rundt i det som ein gong var Bryggen i Bjørgvin, og det krev ikkje så mykje fantasi for å sjå for seg korleis kjøpmenn og natta sine lause fuglar, småfulle sjømenn og torgkoner hasta fram og tilbake i gater og smug der. Eg elskar å gå blant desse trehusa som har stått der og sett alt frå inntoget til Svartedauden til notida sitt pride-tog.
Sumrane kan vere noko hektiske og klaustrofobiske når turistar frå heile verda blir skipa inn gjennom Vågen og skal presse seg saman i dei allereie tronge smuga. Men med så mykje historie sitjande djupt i treverket, så kan ein ikkje klandre dei for å flokke saman der heller. Eg trives tross alt veldig godt der sjølv! 

Lukritzia

Å rusle rundt i dei tronge gamle smuga på Bryggen i Bergen er som å gå tilbake i tid. Ein kan nærmast føle menneska som har trakka rundt her i over 1000 år haste forbi deg!

Gripende serie fra vakre Sognefjorden


De mistet foreldrene sine på mest brutale vis. Nå må de finne veien videre – på hver sin måte.

Et sted langs Sognefjorden, 1345: Søstrene Live på tolv og Eirill på sju må flykte da husmannsplassen de bor på, blir stukket i brann og foreldrene drept. Moren klarer i siste øyeblikk å få jentene over i en båt og skjøvet den ut på fjorden. Der blir de etter flere dager funnet drivende, i svært dårlig forfatning, av bonden Nikulas. Et nytt liv begynner for den rolige Live, som vet hva livet har i vente og aksepterer det, og den mer viltre og rebelske lillesøsteren, Eirill.